Huset i dag

Grunnflate ca. 200 kvm.

1.høgda: Matsal, dgl.stove, peisstove, kjøken og anretning og wc.

2.høgda: Stove/møterom, 5 soverom, gang/opphaldsrom og 2 dusj/wc.

Enkelt, stilfullt interiør. Noko opprinneleg og noko antikvitetar innkjøpt til huset eller gitt i gåve til huset. Soveromma er av ulik storleik og utføring. Her er m.a. nydeleg brystningsdekor, handlaga tapet og kapteinen si himmelseng.

 

Munthehuset er tilgjengeleg frå mai til oktober.

Munthehuset er ein eigna stad for deg som ønskjer ekte opplevingar, kulturhistorie, ei unik råme kring eit arrangement, møte, selskap eller søkjer eit opphald med rekreasjon for kropp og sjel. Her finn du fred og ro, du kan bu i eit gamalt herskapshus og nyta den mektige naturen og utsikta frå verandaen. Området innbyr til korte eller lengre turar i området.

Om kvelden kan du varma deg forran den gamle peisen, ein av dei største på vestlandet. I biblioteket er det ulikt lesestoff.

På nabogarden Kroken gard vert det drive vanleg gardsbruk med kyr. Der er no 4. generasjon i Krokenfamilien, som overtok garden etter Munthe. I tillegg til Munthehuset er det romutleige i bustadhuset på Kroken Gard: 4 doble soverom, samt kjøken og stor stove med gammalt fint interiør. Eigen inngang.

Det er ein grunn til at dei nasjonalromantiske kunstmålarane reiste til Munthehuset og Kroken for å finna inspirasjon til arbeidet sitt! Ta turen du òg, så får du sjå kva me meiner.