Historie

 

Munthehuset er over 200 år gamalt, og er no restaurert. Det var våningshuset på garden Kroken som var eit gamalt adelssete og ein av dei norske storgardane som er kjende frå mellomalderen.

Ytre Kroken har gamal busetnad og er ein av dei norske storgardane som er best kjende frå mellomalderen. Gravfunn med spor attende til folkevandringstida er registrerte.  I 1298 blir riddaren Alfi i Kroki nemnd. Han var kongeleg skatteoppkrevjar på Island. Seinare kom det til andre adelsætter i Ytre Kroken, med namna eiste og Kruchow. I 1764 kom garden i Munthe si eige. Det skulle han vera i 120 år framover. Munthehuset vart bygd som ein-etasjes hus i 1791.Då Gerhard Munthe, kaptein, historikar og kartograf overtok garden, vart huset påbygd og fekk dagens utsjånad i 1846.  

På denne tida når nasjonen skulle byggast opp, kom Ytre Kroken til å spela ei sentral rolle i den nasjonale historia. Forskarar, geografar og Noregs fremste kunstmålarar møttes på garden i denne perioden.Her vanka m.a. Flintoe, J.C.Dahl, Fearnley, Tidemand og Gude. 

Syskina Margrethe Munthe, mest kjend for sine barnesongar, og målaren Gerhard Munthe, besøkte ofte onkelen sin her i Kroken. Kongesalen, eit av dagens soverom, har fått namnet sitt etter Oscar 2. og Carl 15. som begge overnatta her. 

Munthehuset var husstellskule og internat i 60 år, mellom 1897-1957. Deretter tente Munthehuset som privat bustad, for så å stå tomt i nærare 25 år . 

Restaureringa kom i gang, mykje takka vere dr. philos Arild Haaland sitt pågangsmot og engasjement. Stiftinga Munthehuset har overteke huset. 

Munthehuset vart valt til Luster kommune sitt kulturminne i Kulturminneåret 1997. På sjølvaste "Kulturminnedagen" den 21.09.1997 opna ein dørene for publikum.