Munthehuset


Stove - Munthehuset

Munthehuset på garden Kroken ligg langs "den Romantiske vegen" på sørsida av Lustrafjorden, inste del av Sognefjorden. Garden ligg i eit særeige kulturlandskap med rik vegetasjon, omkransa av høge fjell. Rivenosi ruvar bak huset med sine 1339 moh. På andre sida av fjorden er fjellet Molden, 1116 moh.

Landskapet er prega av eldre tiders bruk av området; gamle steingardar, vegar og gravhaugar. Her er funne spor etter busetnad attende til 400-talet e.Kr. 10.min. unna med bil ligg Urnes stavkyrkje utover fjorden og Feigumfossen innover fjorden, Jotunheimen og Jostedalsbreen om lag 1 time unna. 

Munthehuset er i sommarsesongen ope for omvising og her er mulegheiter for leige av selskapslokale og overnatting.

 

 

Takk for for ein fantastisk fin sesong!

Det har vore ei glede å møte så mange positive gjester og me ynskjer dykk hjarteleg velkomen tilbake til våren!